TRIMPOSTRESULTAT SAMANLAGT – PLASS NUMMER 5
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Des 2011
Og det er han faktisk åleine om når vi held oss til topp-10 lista. Mannen på 5.plass er spesiell også på ein annan måte. Og merk dykk dette folkens; han er den einaste på topp-10 lista under 50 år. Kjell Magnar Berli (23) er mannen vi kan gratulere med flott 5.plass i samandraget. Totalt har han gjort 248 turar til dei ulike trimpostane. Dette i tillegg til frisk satsing på ei lang rekkje motbakkeløp gjennom sesongen.
Vellesætra er Kjell Magnar sitt flittigaste turmål. Dit har han lagt turen 114 gonger. På dei neste plassane kjem Brunstadsætra med 55 turar, sætreelva i Holemarka med 37, Koppen og skogsvegen Hjorthol 8 og Holetindane 7. Samanlagt har Kjell Magnar samla 1585 poeng.
Samstundes nyttar Velledalen IL høvet til å sende ei varm god-betring helsing til Kjell Magnar, som i skrivande stund ligg på sjukehus i Ålesund. Dette grunna komplikasjonar i etterkant av ein operasjon i Oslo for nokre veker sidan. Komplikasjonane gjorde at Kjell Magnar vart svært sjuk og måtte hasteopererast for tarmslyng sist helg. Heldigvis gjekk alt bra. Kjenner vi hardhausen rett er ikkje målsetjinga hans om å gå Birkebeinerrennet på ski i mars 2012 endra. No kjem i alle fall snøen.
5. Kjell Magnar Berli 1585 poeng
6. Elling Hole 1568 p
7. Arnhild Linga 1493 p
8. Reidar Fure 1365 p
9. Ivar Arne Flo 1344 p
10. Grethe Fet 1240 p