SAMANLAGTRANGERING TRIMPOSTAR –PLASS NUMMER 7
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Des 2011
Arnhild Linga plar årleg samle 1000-2000 poeng. Ei handfull gonger har ho gått heilt til topps. I fylgje trimgruppa sin statistikk har Arnhild kapra poeng på fem av postane. Ho står bokført med ein einsleg tur i Regndalen, 3 på Myrdalsfjellet, sterke 7 på Holetindane, 110 til Vellesætra og avslutningsvis 117 til Brunstadsætra. Arnhild er med andre ord ikkje nokon typisk ”einpostspesialist”. Totalt har ho samla fine 1493 poeng i 2011-sesongen.
Vi gratulerer Arnhild Linga med eit nytt sterkt trimår!
7. Arnhild Linga 1493 poeng
8. Reidar Fure 1365 poeng
9. Ivar Flo 1344 poeng
10. Grethe Fet 1240 poeng