Velledalen IL på delt tredjeplass i fylket

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Nov 2011

Det er avisa Dagbladet, i spann med eit knippe samarbeidspartnarar, som står bak denne kåringa, der det vert delt ut store premiar til klassevinnarane. Idrettslaga vert delt i klasser etter medlemstal og aktivitet. Velledalen IL er i klassa som heiter ”fleiridrettslag under 500 medlemar”. Fleiridrettslag tyder at vi driv fleire aktivitetar, eksempelvis ski, friidrett og idrettsskule. Medlemstalet vårt ligg for tida kring 200.



I alt kom det inn over 180 000 stemmer dette året. Mest av alle fekk årets tapande cupfinalist, Sportsklubben Brann frå Bergen



Velledalen IL noterte i år 38 stemmer. Ikkje skremande mange, men nok til å knipe ein delt 3.plass på fylkesnivå. Bak Valldal IL og Stordal IL. Laget vi delte plass med var Skodje IL. 38 stemmer heldt til 51. plass på landsplan, i ei klasse der heile 600 idrettslag fekk poeng, og der Valldal IL vart nummer ti. Kan nemne at laget på plassen føre laget vårt, var Simostranda IL, laget til Ole Einar Bjørndalen og Simo-Geir (??), som noterte 39 stemmer.



Her er stemmetala for andre lag i Sykkylven kommune:


38 stemmer: Velledalen IL

  9 FK Sykkylven

  7 Velledalen & Ringen Fotballag

  6 Hundeidvik IL

  2 Sykkylven IL

  1 Sykkylven Sykkelklubb

  1 Sykkylven Rideklubb

  1 Sykkylven Motocrossklubb



Som ein ser fekk Velledalen IL meir stemmer enn dei andre idrettslaga i bygda tilsaman. Bra plassering også til nabo og samarbeidspartnar VRF.


KJEMPESTOR TAKK TIL ALLE SOM STEMDE PÅ VELLEDALEN IL !!