Samanlagtrangering – trimpostar
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Nov 2011
Ivar Arne Flo har i alle år vore ein idrettsglad person. I yngre år deiv han med fotball – sjølvsagt
i VRF. Men han har òg sysla med det meir ekstreme. Det er ikkje så fælt mange i Sykkylven kommune som har gjennomført eit maratonløp. Ivar Arne har gjort det.
Men denne gongen skal vi snakke om Ivar og VIL sine 13 trimpostar. Vi har før meldt at han vann posten ”Dammen i Riksheimdalen” med 192 turar. I fylgje trimgruppa har ikkje Ivar vore innom andre turmål i tidsrommet oktober 2010 til oktober 2011. Utbytet i Riksheimdalen er sju poeng pr. tur, noko som betyr at vi fører 1344 poeng inn på Ivar Arne Flo sin poengkonto. Ein poengsum som held til gild niandeplass i samandraget.
Vi gratulerer!
9. Ivar Arne Flo 1344 poeng
10. Grethe Fet 1240 poeng