Samanlagtresultat trimpostar – topp 10

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Nov 2011

Trimgruppa, ved leiar Nils, melder at det kan slenge feil i listene. Difor er det nyttig med ein gjennomgang, og trimgruppa ber om at feil vert melde straks, slik at dei kan bli retta opp. Det er lett å forstå at det kan vere fort gjort å hoppe over ei poenggivande notering i ei av bøkene.



Dette året måtte ein godt over 1000 poeng for å kome på topp-10 lista. Personen på tiande plass, Grethe Fet, noterte fine 1240 poeng. Etter å ha gjennomført 310 turar til turmålet skogsvegen Fet, eit mål der kvar tur vert løna med fire poeng. I fylgje statistikken har ikkje Grethe andre noteringar i gjeldande trimår (i fall ho har det, må dette meldast til trimgruppa ved Nils, snarast).



Elles om Grethe, bør det nemnast at ho toppar idrettsmerkestatistikken mellom kvinner i Velledalen IL. Og ektemannen, Odd Kåre, ligg på andreplass mellom mennene i dalen, med berre Paul Hole føre seg. Held Grethe og Odd Kåre koken nokre år til, vil dei som par oppleve å ha greidd krava 100 gonger. Sjølvsagt som dei fyrste i VIL si godt over 100-årige historie, og ein prestasjon vi bøyer oss djupt i støvet for.



Vi gratulerer Grethe med trimpostinnsatsen siste år, der ho vann posten skogsvegen Fet og altså vart nummer ti på samanlagtlista.