Smånytt frå VIL

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Nov 2011

Men det er langt frå heilt daudt mellom slaga. Idrettsskulen er i drift i
 sin 20. sesong, skifolket er i trening, sjølv om karar som Svein Nakken, Jan
 Ringseth og Kenneth Fet gjerne skulle hatt snø - om ikkje anna på fjellet.
 Vår fremste motbakkeløpar, Kjell Magnar Berli, er innlagt på sjukehus for
 eit planlagt inngrep. God betring til han !
  I kveld byrjar utlegginga av topp-10 samanlagt over dei største
 poengsankarane på trimgruppa sine 13 postar i siste trimår. Vi startar med
 plass nummer 13 og arbeider oss fram til vinnaren i god tid før jul. Eit
 anna høgdepunkt vert idrettsminna som VIL har samla frå ei rekkje personar
 siste åra. Desse vil kome i små drypp på nettsida med oppstart 1.desember.
 Her vert det mange godbitar, og det er faktisk enno ikkje for seint å bidra.
  Somme fylgjer kanskje med på Norsk Tipping sine sider. Her er det
 interessant å registrere at november vert ein kanonmånad reint tippemessig
 for VIL. Tydeleg at det er ein del personar som har planar om å auke
 juløegåvebudsjettet. Elles gratulerer vi Velledalen skulekorps med to nye
 grasrotspelarar. Dei er dermed oppe i 20, det doble av Velledalskoret som er
 stabile på 10.
  I dag er det 24. november. Akkurat ein månad til julekvelden, men du
 manglar kanskje rette kjensla. Den kan du justere til det betre i morgon. Då
 opnar nemleg Holmbergs Gartneri salet av årets juleblomar. Mange kunne
 trenge ei oppmuntring i mørketida. Sikkert nokon du kjenner òg. Gjer som
 VIL - stikk innom gartneriet opningsdagen!