Svein Helge Hjorthol – 60 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Nov 2011
Det sportslege rullebladet hans er langt. På 60-talet gjekk det i langrenn og fotball. Svein var av dei gutane i Velledalen som fekk oppleve å ha Olav P. Hole som trenar i langrenn, og han var aktiv i glanstida til laget då det var lysanlegg både for hopp, alpint og langrenn i Holemarka. Etter kvart vart fotballen den dominerande idretten for Svein, men han har heile tida halde skiforma ”fresch”, slik at han fleire gonger har mønstra på som deltakar i Fjellsæterrunden.
Han kom med på VRF sitt A-lag i slutten av tenåra. Der vart det fleire gode sesongar i forsvarsrekkja eller som midtbanespelar. Stort sett i klubben sine beste år. Diverre vart Svein plaga med skadar – særleg kne – noko som gjorde at han gjekk frå aktiv til støtteapparat tidlegare enn han normalt ville gjort. Såleis har han hatt fleire administrative verv både i VRF og Velledalen IL. Han sat mellom anna i UK (uttakingskomitèen) sist VRF spela på nivå tre i norsk fotball (1979). Berre folk med peiling på fotball fekk plass i UK – berre så det er nemnt.
Men det som har vore Svein sitt sterkaste varemerke opp gjennom åra, er at han dukkar opp der ting skjer – og hjelper til – anten han er beordra eller ikkje. Han er trufast funskjonær i arrangement som Fjellsæterrunden, Konradløpet og Fetvatnet Rundt, og ikkje minst har han teke sine tak som dugnadsarbeider i mang ein samanhang, mellom anna på Dalemyra.
Elles må vi gratulere han som ein råsprek 60-åring. Faktisk den sprekaste i nedslagsfeltet. Den tittelen er uomtvisteleg. Svein har nemleg delteke i Koldabakken Grand Prix og Konrad Extrem siste åra. Tidene han har prestert der fortel meir enn 100 ord. Kort og godt
imponerande av ein 60-åring. Men han er lett i kroppen, senesterk, likar kroppsarbeid, skigåing og held elles ein sunn livsstil. Då treng ikkje alltid treningsdosane vere ovstore for å lukkast. Til slutt nemner vi at Svein er av dei personane i Velledalen som kjenner lagshistoria til VRF og VIL betre enn dei fleste. Står du i beit, kan ein samtale med Svein løyse floken, i den grad slike finst.
Ein prima mann for den ultralokale idretten jubilerer, og vi gratulerer!
For Velledalen IL
Atle Hole