Trimpostresultat – skogsvegen Fet
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Nov 2011
Her er Grethe Fet deltaker under Det store Folkerennet
Grethe Fet toppar som i fjor. Men ho har auka dosene vesentleg. 214 turar i fjor vart til 310 dette året. Turid Bøkestad Fet på andreplass ser ut til å fylgje om lag same mal; 171 turar i fjor, 273 i år.
Her er topp-5:
Grethe Fet 310 turar
Turid Bøkestad Fet 273
Odd Kåre Fet 250
Anette Fet 109
Astrid L. Drabløs 76
Verdt å merke seg at to av dei desiderte toppane innan idrettsmerketaking, Odd Kåre og Grethe Fet, er å finne på denne lista. Turid Fet er leiar i det lokale helselaget, i tillegg til gruppemedlem i trimgruppa, og finn altså helsebot i spaserturar langs skogsvegen på Fet. Honnør også til Anette Fet, einaste tenåring med over 100 turar til eit av turmåla denne sesongen