Trimpost fjerna
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Nov 2011
Frå trimgruppa har VIL-nett fått fylgjande melding:
-Det er ikkje lagt ut ny bok i skogsvegen på Drabløs. Så lenge den ikkje blir rydda for kratt, blir her ingen trimpost.
Det var reine ord for pengane, og dei som no har vore innom posten i von om registrering, veit no grunnen. Håpet er at det blir rydda i området, men inntil vidare har talet på trimpostar i VIL-regi vorte redusert frå 13 til tolv.
Dette til orientering.