Trimpostresultat – Regndalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Nov 2011
Regndalen har vore eit populært turmål siste året, med 724 noteringar mot 419 året før.
Og Regndalen har markert seg som mannfolka sitt turmål. Posten er åleine om å ha personar av berre eitt kjønn på topp-5 lista. Lista ser slik ut:
Geir Helge Grebstad 25 turar
Kris-Levi Hansen 14
William Hansen
10
Harald Velle 10
Thomas Gjørvad Alnes og
Sindre Aurdal Alnes 9
Som ein ser kontrollerte Geir Helge med 24 turar. Han hadde 49 i fjor, og enno fleire for to sidan då han vart samanlagtvinnar. Svært jamnt på plassane bak Geir Helge. Elles særs gledeleg at posten har tre utøvarar under 20 år inne mellom dei seks ivrigaste. Og vi kan ikkje få fullrost stabiliteten til Harald Velle nok. Ti turar i fjor, ti i år