Trimpostresultat – Brunstadsætra

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Nov 2011

2283 noteringar vart resultatet i siste trimår. Dette er klart mest i Velledalen, men det strekk ikkje til mot ein post vi enno har til gode. Og sjølv om Brunstadsætra toppa av postane i Velledalen, var nedgangen stor siste året, då heile 2786 registreringar vart notert i fjor.


Her er topp-5:

Inger Anne Brunstad 203 turar
   

 Arnhild Linga 117
   

 Torhild Skogvold 93
   

 Per Steinar Linga 63
   

 Kjell Magnar Berli 55
   


Det er verdt å merke seg at fire av personane på topp-5, var på lista også i fjor. Inger Anne Brunstad vann som sist, men auka med 20 turar, om ikkje anna for å markere styrke. Arnhild Linga forsvara andreplassen frå i fjor, medan Torhild Skogvold svinga seg opp frå ein femte- til tredjeplass. Kjell Magnar Berli gjekk motsett veg, medan Per Steinar Linga er ny på lista i høve til fjoråret. Turen til Brunstadsætra gir fire poeng, og kan kombinerast med tur til Vellesætra eller Holetindane for dei som jaktar på samanlagtpoeng.