Trimresultat – Holetindane

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Okt 2011

Den mest krevjande posten av trimgruppa 13. Totalt vart det registrert 81 noteringar i siste trimår.



Dei fleste nøyer seg med èin tur til denne posten i løpet av sesongen, men ikkje alle. Poengmessig gir ein tur til Holetindane 30 poeng. Går ein om Brunstadsætra har ein fire ekstrapoeng. Lista ser slik ut:

Nils Terje Skylstad 19 turar
   

 Arnhild Linga og Kjell Magnar Berli, begge 7
   

 Fem personar med to turar kvar.
   


Nils er Kongen av Holetindane, ingen tvil om det. Sterkt av trimgruppeleiaren som står for nær ein fjerdedel av turane dit åleine. Fleire bør innom denne posten, som har framifrå flott utsikt frå toppen.