Tandstad skule på dugnad
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Okt 2011
I dag hadde elevar ved Tandstad skule ein litt uvanleg skuledag
Det var kroppsarbeid som stod på programmet. Elevane fekk busstransport på fjellet, sponsa av Sindre Skogvold, der oppdraget gjekk ut på rydding i den nyhogde lysløypetrasèen. Svein Arne Nakken, sjølv lærar ved Ringstad skule på Stranda, var med som kjentmann og arbeidsleiar. Elevane var særs heldige med vêret, og fekk såleis ein flott utedag. Og dei fekk gjort mykje godt arbeid til beste for alle som likar skiidrett.
VIL-nett takkar elevane for innsatsen!