Trimpostresultat – Sætreelva i Holemarka
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Okt 2011
Denne posten hadde fine 1308 noteringar siste trimår
Slik ser topp-5 ut på denne posten:
Elling Hole 124 turar
Nils Treje Skylstad 118
Ingrid Hole 89
Kjellaug Ulset 70
Oddmund Skylstad 56
Denne posten kan ein i høgste grad kalle veteranane sin post. Råspreke veteranar. Oddmund Skylstad vert 88 år 3. november. Kjellaug Ulset er 83. Og både Elling og Ingrid Hole har passert 70. I samanlikning vert Nils Terje Skylstad reine ”kylperten” med sine 54 år.
Pussig å tenkje på at i min barndom (på 1960-talet) såg vi aldri at ein mann i 40-åra sprang. Og slett ikkje kvinnfolk eller menn i 50- eller 60-åra. Tidene endrar seg på dette feltet òg. Dei eldre held seg spreke med andre middel enn fysisk arbeid, medan ungane…Ja, dei pjaskar med tidtrøyte vi ikkje i vår villaste fantasi kunne drøyme om for 50 år sidan.
Atle Hole