5000 kroner i skulegåve
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Okt 2011
For ei tid sidan kom det "anmodning" om tilskot/gåve til Velledalen
motessoriskule.
Saka var til handsaming i VIL-styret i går. Resultatet vart eit samrøystes
vedtak på gåve i storleik 5000 kroner.
Men var òg semje om at slike tiltak ikkje høyrer inn under primæroppgåvene
til idrettslaget, og det vart påpeika at tiggarbreva har kome tett siste
åra. Som kjent er det ikkje lenge sidan det vart gitt 10 000 i reine pengar
til barnehagen. I tillegg gav laget i den samanheng frå seg ein jordlapp som
like før vart kjøpt av Olav Velle for 5000 kroner, pluss at laget eigde litt
av grunnen som gjekk inn i barnehagen. Slik at totalt ytte idrettslaget
minst 20 000 kroner der.
Like eins har laget vore med på ei rekkje bergingsaksjonar av butikken
på Brunstad.