Stadig nye produkt

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Okt 2011

Under årets Førjulsmesse i regi av VRF og Velledalen IL, 19. og 20.
 november, vil ein finne produkt som aldri tidlegare har vore å finne på
 messa.

 Strandabakelse er eit slikt eksempel. I år vil der vere ein eigen stand
 (Rigmor Røyr) som sel dette produktet. Mat vil vere godt representert med i
 alt seks standar. Mellom anna ein eigen lefsestand. Elles er messa
 fullteikna, men det er enno mogleg å bli plassert på venteliste. I skrivande
 stund har vi tre på venteliste laurdagen og to sundagen. Fullstendig liste
 over alle utstillarar vil bli lagt ut i løpet av dagen.