Pål Rune Fet 50 år 23. september
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Sep 2011
Med mor frå ”Honndalen” og far som var aktiv i hopp og kombinert, var det gunstige odds for at Pål kunne bli ein dugande idrettsutøvar. Og det vart han.
I unge år fylgde han Kaspar sitt råd og motto:
-
Du skal opne for fullt og auke etter kvart.
Det gav resultat i lokale renn. Såleis vart Pål KM-vinnar i langrenn individuelt både i 1976 og 1977 – eller like etter konfirmasjonsalderen. Han fleska til med ein ny KM-tittel i 1985, i seniorstafett over 3X10 km saman med Terje Aurdal og Atle Hole.
Men Pål kunne meir enn gå fort på ski. Han gjekk gradene i VRF, og kjempa seg inn på klubben sitt A-lag direkte frå guttelaget. Nær sin eigen 17 års dag, fekk han med seg opprykket i Langevåg i 1978, og like eins sesongen på nivå tre i norsk fotball i 1979. Pål var ein kvikk sideback som var særs vanskeleg å spele ut. Han var ikkje av dei mest ruvande, men bar likevel kallenamnet, ”The iron man”, med rette. Eit par sesongar vart han kjend då han spela med stillongs unasett vêr og temperatur. Han la fotballen på hylla i 1985.
Men spora etter Pål i Velledalen IL sluttar ikkje her. Han har fleire deltakingar i Holmenkollstafetten, han har gjort mykje godt arbeid for Fjellsæterrunden og langrennsgruppa i laget generelt. Han er ein sikker og fast funksjonær under eksempelvis Konradløpet, og saman med kona, Turid, striglar han hagen sin ved Fetvatnet, og stiller den til disposisjon under Fetvatnet Rundt.
Siste sju-åtte åra har han i tillegg vore ”sportsdirektør” til sonen Kenneth. Ein tidkrevjande jobb han har lukkast godt i, med KM-tittel i 2006 og fleire andre
fine sportslege prestasjonar. Mellom anna er Kenneth åleine om å ha teke alle trimpostane til VIL på same dag. Då var sjølvsagt støtteapparatet på plass, om enn ikkje særleg synleg.
Elles er Pål ein tjomsleg og grei kar, med mykje røyr og blankfisk innanbords, som det er ei stor glede og kunne gratulere med 50 års dagen den 23. september.
Alex Hooley