Per Henning Hole 60 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Sep 2011
Dei som hugsar så lang tilbake som 1960-talet, vil minnast Per som ein ivrig skihoppar. Dette tiåret stod hoppsporten sterkt i Velledalen, med Øye-Per som ein av dei ivrigaste, mellom fleire flotte utøvarar som representerte Velledalen IL. Nesten alle gutar i Velledalen hoppa på ski i ein eller annan variant på 60-talet.
1970-talet vart fotballen sitt tiår for Per sin del. Dette tiåret vart det beste i VRF si 50-årige soge med seniorfotball, og Per var så heldig at han fekk vere ein del av det. Han var angripar. Rask og med god fysikk. Og med harde skot når han traff. Traff gjorde han i ein seriekamp mot Sykkylven på Dalemyra i siste halvdel av syttitalet. 4-0 til VRF, alle mål signert Per Henning Hole.
Men høgdepunket i karriera hans fann stad på Langevåg stadion i september 1978. Då sende han eit gnallhardt frispark direkte i nettet – 1-0 til VRF og uventa opprykk, i ein sesong der laget heldt nullen bakover i tolv av 18 seriekampar. Eit opprykk som sende VRF til nivå tre i den nasjonale serien (tilsvarande 2. divisjon i dag) året etter – og sidan har aldri sykkylvsfotballen returnert til dette nivået.
Men Per har markert seg på andre felt. På 1980-talet var han hovudsakleg gardbrukar. På 1990-talet la han ned mykje tid for langrennsporten i Velledalen IL. Både som gruppeleiar og trenar og arrangør. På 2000-talet er han best kjend i VIL-miljøet som stasjonssjef under Konradløpet. Klokka 0500 står han parat med ”mikstur” i fleire variantar til morgonfriske løparar. Elles er han ein kar som er mykje nytta som funksjonær både under skirenn og andre VIL-tiltak.
Til slutt nemner vi eitt moment som Øye-Per er heilt, aldeles totalt åleine om. Han er den einaste i bygda som har rekruttert seg sjølv, kone og born av begge kjønn til A-lagsspel for VRF. Det kallar vi godt rekrutteringsarbeid !! Og ein prestasjon neppe nokon gjer etter han dei komande 60 åra heller.
- Ein prestasjon som er gull verdt i ei usportsleg og oppreva verd, ville Flettfrid Andresen ha sagt om den saka.
Gratulerer med dagen!
Alex Hooley