To veker att

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Sep 2011

Hadde du tenkt å gjere ein innspurt i poengsamlinga i trimbøkene er tida no definitivt komen.



Nils Terje Skylstad i trimgruppa trur det blir ein bra sesong totalt sett. Nyleg skifta han bok
   på Brunstadsætra, og det nærmar seg same punkt i Holemarka. I Straumgjerde (Brune) har det som før nemnt kome godt i gang med bok nummer tre.



Om 14 dagar er det skifte av bøker på alle postar. Det markerer overgangen til ein ny trimsesong. Dette vil skje om lag 1. oktober, men ikkje på same dag på alle postar.


Resultat frå dei ulike postane og samanlagt, vil kome på nettsida


God innspurt!