Birkebeinerløpet i dag

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Sep 2011

I dag kryssar vi fingrar for deltakarane våre i Birkebeinerløpet som går frå Sjusjøen til Lillehammer.



Velledalen IL stiller med føre løparar, to debutantar og to veteranar.


Rutinen er vel teken i vare gjennom deltakinga til Olaf Øien og Rolf Haxthow. Olaf i klasse 65-69 år, Rolf i 55-59 år. begge greidde merkekravet i sine respektive klasser.

  Kjell Magnar Berli og Jens Christian Hole er debutantar. Begge spreke menn i 20-åra som vil greie debuten med bravur.



For Jens Christian er det snakk om meir enn eit Birkebeinerløp. Det er nemleg lagt inn ein brødreduell med storebror Roger Malvin. Ein høgst uviss duell. Roger har ein liten i alle fall psykisk fordel. Som tidlegare deltakarar er han i alle fall litt kjend i løypa. Men dei startar ikkje samstundes, så brødreduellen er heilt uviss til begge har kryssa mållina.



Vi reknar med å få ut resultat frå løpet i løpet av dagen/kvelden.