Lokale heltar i Birkebeinerløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Sep 2011
I årets løp vil det nemleg bli ny deltakarrekord frå VIL. Den gamle var på tre deltakarar, sett då Olaf Øien, Rolf Haxthow og Nancy Eggen representerte laget for få år sidan.
I år vert altså deltakarrekorden på tre utøvarar sletta. Hittil veit vi at fylgjande personar kjem til å representere VIL:
Kjell Magnar Berli
Jens Christian Hole
Rolf Haxthow
Olaf Øien
Elles nemner vi at Roger Malvin Hole er påmeldt, men han representerer Gjelleråsen IF. Men han møter broren Jens Christian til brødreduell, difor ein særs interessant start. No er det det å seie at brødrene startar ikkje samstundes, så vi snakkar om ein duell totalt utan augekontakt. Kanskje like greitt for den som taper.
Send inn tips på andre personar som de veit representerer VIL, eller som har relasjonar til nedslagsfeltet. Når tida er inne vil vi sjølvsagt fylgje opp med resultat og anna stoff frå løpet