Per Steinar i Alperittet
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Sep 2011
I dag gratulerer vi Per Steinar Linga med flott innsats i Alperittet på Stranda i går.
Per Steinar vart nummer fem i den hardaste klassa, M 20. Totalt vart han nummer seks. Han kom i mål på tida 1.49. 22 i den 50 kilometer lange løypa. Klubbkameraten, Eldar Kurseth, kom inn på same tid. Det heldt til ein ”gnallhard” andreplass i klasse M 40, berre 18 sekund bak klassevinnaren, Arnt Johansen frå Molde
Vi tek og med at Marius Kalland, med mor i Velledalen IL, vart nummer ti i klasse M 20 med tida 2.05.24