Ikkje paviljongtur med trimgruppa 11.september

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Aug 2011

Trimgruppa håper å ta att turen seinare, melder gruppeleiar Nils-Terje Skylstad i ein e-post til VIL-nett.



Grunnen til at det ikkje vert tur den 11. september ligg på strandasida av fjellet. Strandarane skal køyre stolheisa denne helga i samband med Strandadagane, men ikkje helga 10. og 11. september. Den helga VIL skulle hatt turen, vil heller ikkje paviljongen vere open.



Å flytte turen ei veke fram går heller ikkje, då trimgruppa ikkje har disponibelt mannskap til å gjennomføre turen den 4. september.



-
  
 Vi må nok la turen ligge i bero så lenge. Dersom stolheisa skulle opne ei helg seinare, vil vi sjå om vi kan greie det, melder gruppeleiaren til VIL-nett.


Meininga var at folk tok stolheis eller gjekk opp på Roalden. Så ei synfaring på paviljongen, før ein gjekk vidare til fots til Svartevatnet (eller eventuelt tok stolheisa ned att)