4.11.53 på Rolf i Birkebeinerrittet
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Aug 2011
Så vidt vi veit var Rolf Haxthow åleine om å representerer Velledalen IL under Birkebeinerrittet. Per Steinar Linga, Sykkylven SK, hadde 2000 bak seg i klasse M35.
Rolf syklar i klasse M55, det vil seie mannfolk i alderen 55-59 år. Tida 4.11.53 heldt til 321. plass. Godt levert
ettersom 706 personar fullførte. Vinnaren i M 55 vart Svein Roger Løken på sterke 3.03.40.
Per Steinar Linga gjorde det som vanleg svært bra i klasse M 35 (35-39 år). Med tida 3.10.27 sykla han inn til 89.plass. Ikkje mindre enn 2046 kom til mål i denne klassa. Medrekna dei som braut hadde Per Steinar 2000 bak seg.
M 35 vart vunnen av ein romsdaling, nemleg Halvar Barlaup, Fannefjord SK, på tida 2.56.31.