Kjell Magnar nådde toppen av Skåla på 1.35
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Aug 2011
Bilete er frå "Mefjellet opp"
-Køproblem i starten gjorde fyrste del av løpet vanskeleg.
Kjell Magnar Berli debuterte i dag i Skåla Opp. Han nådde toppen (1848 meter over havet) på 1 time 35 minutt og ? sekund. Heile løypa er på 8,2 kilometer.
Nær 700 deltok i konkurranseklassa, i tillegg godt over 1000 trimmarar.
-Det var køprøbelm i starten. Eg kom nok litt for langt bak, og då deler av løypa i ei tidleg fase er slik at det er vanskeleg å passere løparar, vart det mykje gang og springing om ein anna i starten. Men seinare gjekk det greitt. Mot slutten hadde eg krampe i begge beina, men ikkje verre enn at eg greidde springe, og eg passerte løparar mot slutten, fortel Kjell Magnar til VIL-nett på veg ned frå fjellet.
Meir frå Skåla Opp når resultatlistene ligg føre.