Skåla Opp laurdag

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Aug 2011

I fylgje påmeldingslista skal Kjell Magnar Berli og Jo Andre Tandstad opp i 1848 meter over havflata denne dagen.



Dei to nemnde herrane startar begge i klasse 23-39 år. Ei særs stor klasse som rommar dei fleste toppane som deltek. I Skåla Opp er det sett eit tak på 800 deltakarar i konkurransedelen, men langt fleire vil delta. Medrekna mosjonistar vil kanskje eit par tusen menneske ta seg til topps denne dagen – i alle fall om ein treff med vêret.



Av påmeldinga går det fram at Fridtjof Fredriksen (45-49 år) og Torbjørn Aasen (50-54 år), òg deltek med tidtaking.



Førehandspåmelde mosjonistar frå Sykkylven:


Vidar Aarnes


Harald Jenssen (deltaking nummer 10)


Anne Grete Nordal


Lars Petter Vemøy


Vi ynskjer alle GOD TUR!