Storfin VIL-innsats i Saudehornet Rett Opp
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Aug 2011
Bilete er henta frå kondis.no viser Kjell Magnar på tur mot toppen
Han vann nyleg klasse 50-54 år under Eggjenipa Opp, og gjorde i går det same med god margin under Saudehornet rett opp. Dei øvrige VIL-deltakarane var Kjell Magnar Berli, Jo Andre Tandstad og Olaf Øien. Olaf mangla seks sekund på å bli klassevinnar. Nyt dei flotte resultata:
Deltakartal for Saudehornet Rett Opp 2011:
Konkurranseklasse: 90
Barneløp: 174
Mosjonsklasse: 315
Klasse 23-34 år:
Øystein Sylta (totalvinnar) 52.21
5. Kjell Magnar Berli 1.03.27
19. Jo Andre Tandstad 1.24.15
50-54 år:
Nils Terje Skylstad, Velledalen IL, 1.10.28
Jørgen Clausen, Håvoll IL, 1.22.15
Svein Jarle Stenes, Hitra FIK, 1.24.10
65-69 år:
Kåre Øyvind Landro
1.40.06
Olaf Einar Øien, VIL, 1.40.12
Vi merkar oss nytt sterkt løp av Kjell Magnar Berli. I debutløpet sitt i Ørsta vart han nummer fem i den største klassa. Tida hans heldt til ein flott tiandeplass mellom alle deltakande menn – uansett klasse. Og reknar vi berre sunnmøringar, vart han fjerde best, kring tre minutt bak den beste, Knut Anders Hatlen frå Stranda.
På totallista over alle menn finn vi vidare Nils på 24. plass, Jo Andre er nummer 55 og Olaf nummer 68. med fire deltakarar (av 90) i dette motbakkeløpet, var VIL mellom dei best representerte laga.