Eggjenipa Opp – Nils klassevinnar

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Aug 2011

Nils plar byggje opp ein formtopp i august, og sist sundag tok han turen til Egge i Våtedalen, som er startpunket for løpet. Målgang er på Eggjenipa 1338 meter over havet. Total stigning i løpet, som vert arrangert av Breimsbygda IL,
   er på 1180 meter.



Det var knappe 40 løparar i konkurranseklassa denne gongen. Langrennsløparen, Roger Aa Djupvik frå Hyen IL – bror til landslagstrenaren – vann med tida 48.46. Beste kvinne vart May Britt Buer frå Gular med 56.54, som er ny løyperekord for kvinner.



Vi tek med resultata i klasse 50-54 år der vår mann deltok:

Nils Terje Skylstad, Velledalen IL, 71.03
   

 Roar inge Hansen 73.00
   

 Terje Stenbekk 75.45
   

 Øystein Reed Bratten, Åsane, 84.48