Nye 50-åringar
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jul 2011
Turid Bøkestad Fet fyller 50 år 29.juli. Ho har langt fartstid i trimgruppa, ho er mellom støttespelarane i Fetvatnet Rundt ved å stille parken sin til disposisjon, ho er ein ivrig ”kunde” på nærliggande trimpostar og ikkje minst; ho er – og har vore – ei viktig brikke i Kenneth Fet sitt støtteapparat. På det ikkje-sportslege planet nemner vi at ho er ein racer innan helselagsarbeid. Vi gratulerer Turid så mykje med dagen, og ynskjer ektemannen, Pål, velkomen etter i september!
Oddbjørn Brunstad fyller 50 år i dag, 28. juli. Oddbjørn er sjeldan å sjå som springane etter vegane, men sprang likevel Konradløpet på 20.10 som 50-åring. Kan vitne om smugtrening..?
På statistikken er han nummer 101 med bestetid 18.48. Med den tida er han den beste fastbuande med opphav frå Brunstad. Av dei som i dag bur fast innan Brunstad sine grenser er berre Kjell Magnar Berli betre. Oddbjørn har Konradmedaljen i gull.
Elles er han kjend som ein krumtapp i miljøet kring Velledalen bedehus og bak suksessen Velledalsseminaret. Hjarteleg til lukke med dagen !