Bøe-triumf i Hornindal
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jul 2011
arkivfoto
Alf Petter Bøe, Rindals/Troll, vart beste løpar på 10 kilometer under Hornindalvatnet Maraton i går.
I alt 150 løparar deltok i den rikhaldige menyen i Hornindal. Her kune det veljast mellom full maratondistanse, halvmaraton, 10 kilometer eller miniton. Dei 150 deltakarane fordelte seg slik:
Full maraton: 46
Halvmaraton: 53
10 km: 15
Miniton: 36
Alf Petter brukte 38.18 på mila. Med det var han 42 sekund føre nest beste løpar som vart Per Oddvar Lien frå Kyrkjebø IL. Ein kar som så vidt var innom VRF som fotballspelar på 1990-talet.
Helge Hafsås frå Olden vann nok ein gong heilmaraton på tida 2.41.37. Oldenekspressen har vunne over 140 heilmaratonløp i karriera, berre for å ha nemnt det.
Elles noterer vi oss at Jan Egil Årnes, Sykkylven IL, vann halvmaraton i klasse 55-59 år på tida 1.36.08. Andre lokale innslag var vi ikkje i stand til å finne i resultatlista