Hødd banka Bryne

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jul 2011

TV-kjendis og tv-kjendis fru Blom. I alle fall, Svein Arne Nakken var på tribuna på Bryne stadion då kampen Bryne-Hødd enda 0-1. Han stod i ei gruppe relativt få Hødd-tilhengarar, og desse kom på skjermen både titt og ofte. Minst 6-7 gonger i løpet av kampen. Etter kampen sprang Høddspelarane bort til denne gruppa og takka – Svein inkludert – for støtta i kampen.


Heia Hødd og heia Svein ! Vi bør snart få på han rette Hødd-fargane. Og Hødd-tilhenger kan ein vel vere om dagen. Slik det unge laget spelar for tida skal ein ikkje sjå vekk frå at laget vil snuse på tippeligaen, og kanskje hamne der òg, når sesongen er over. Då bør fleire – i alle fall på bygdene – finne fram dei blåkvite plagga og legge dei oransje i ”opplag” i eit skåp.