Utflytte jubilantar

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jul 2011

Eli deltok i Det Store Folkerennet i 2009

I denne omgang vil vi nemne to. Eli Hole feira sin 50 års dag i starten av denne månaden til sjøs, noko ein kunne lese om i Sunnmørsposten nyleg. Sjøfolk har det vore dårleg med frå Hole siste tida, jamvel om vi veit at Helge Lødøen trakka opp ei ”løype” for nokre tiår sidan. Men det var ikkje sjømannskap vil skulle skrive om.

  Nei, VIL-nett gratulerer Eli med vel overstått 50 års dag, fordi ho i unge år var ein habil atlet. Både i langrennsløypa og på friidrettsbana representerte ho Velledalen IL med bravur. Eli er busett i Oslo, men besøkjer foreldra Edvard og Ellinor relativt ofte.



Den andre jubilanten vi nemner i denne omgang syng på siste verset som 49-åring. Morten Øystein Holmberg fyller 50 år 15. juli – på ukjend stad. Send likevel gratulasjonshelsing!! Morten driftar Velledalen IL sin sognefilial. Med premiar og konfeksjon som spesialfelt. Han spela dessutan ei avgjerande rolle den gongen Velledalen IL kom med i Ullmax-teamet.



Morten har alltid vore kjapp. Berre éin gong var han ikkje kjapp nok. Det var i hans unge år, ein gong han hadde gjort ein vaksen kar ei lita ”prette”. Truskuldig eller ikkje, då den vaksne karen angreip øyret vart Morten litt i seinaste laget, med det resultat at han vart leidd heim etter eine øyret. (Og dette var før gutar byrje bruke øyrering) Det seiast at høyrselen på dette øyret vart ekstremt velutvikla.

  Etter denne hendinga har han vore kjapp nok i alle samanhangar, noko som særleg har gjort seg utslag i raske fibrar i sonen Henrik Johan. Morten har Konradmedaljen i bronse, og manglar berre eitt år på sølv. Helsingar til Morten kan sendast på telefon 917 26 176 – døgnet rundt den 15.juli.


Så vidt vi veit er jubilanten ugift, men er likevel hjelpt både med kvinnfolk og ungar.


Morten deltaker i Konradløpet 2007