Kjell Magnar samanlagtvinnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jul 2011
Straumgjerde Vel har avvikla to vellukka motbakkeløp i sommar. 18 sprang ”Opp på Bruna”i konkurranseklassa, tolv ”Opp på Sætra”. Samla 30 deltakarar, men berre fem av desse deltok i begge. Fire menn og ei kvinne, med eit aldersspenn frå 23-67 år.
Som ein ser av samanlagtresultata er det fire lokale menn, og kvinna kjem frå Emblem IL
Her er tidene:
35.05: Kjell Magnar Berli (18.19 + 16.46)
38.33: Eivind Fet (19.29 + 19.04)
39.59: Jo Andre Tandstad (20.39 + 19.20)
45.17: Anne Berit Støyva (23.26 + 21.51)
48.16: Olaf Øien (25.32 + 22.44)