Dagens Blome
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jul 2011
Den går til trimgruppa som i desse dagar emnar på grillkveld nummer 23.
Ja, det har gått nokre pølser og kotelettar sidan den spede start i 1989. Dette året vart Grillkvelden på Brunstadsætra arrangert for fyrste gong. Tel ein på fingrane finn ein då at årets arrangement vert det 23. i rekkja.
Utandørsarrangement, OK, men dei fleste likevel avvikla under akseptable vêrtilhøve og med solid deltaking. Vi ynskjer arrangørstaben i trimgruppa lukke til med årets kveld, laurdag 9.juli
Velledalen IL har andre arrangement med lang fartstid:
32: Fjellæterrunden (fyrste gong 1979 som fellesarr. – opphald eitt år)
32: Romjulsmarsj (vert arrangert for 33. gong des.2011).
23: Grillkveld Brunstadsætra.
20: Velledalen Idrettsskule er akkurat ferdig med sin 20. sesong
18: Førjulsmesse (vert arrangert for 19. gong tredje helga i november)
10. Konradløpet – for tiande gong i år.