Stoda på Myrdalsfjellet

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jul 2011

Elling på tur opp på Myrdalsfjellet

Det er med andre ord ein rein Hole-kamp om topplasseringa. Topp-5 lista viser heilt klart at Myrdalsfjellet er holefolket sin bastion, ettersom fire av fem i toppen kjem derifrå.



Frank Hole la grunnlaget for sin førebelse topplassering gjennom godt arbeid i vinter. Han sikra seg ei solid leiing i den tida folk flest knappast tenkte på turar til denne aktuelle trimposten. Frank gjekk på ski. Elling tok som vanleg laust for alvor fyrst når ”vårsol i bakkane blenkte”. No er avstanden mellom dei to slik at ingen er tent med å ta nokon lang ferie. I tillegg skal Elling ”pleie” topplasseringa på posten i Holemarka, så dette bør halde for Frank…??



Topp-5 lista er delt i to. Frank og Elling gjer opp seg i mellom om topplassen. Bak dei utspelar det seg ein knallhard kamp om ”bronsemedaljen”. Dei mest aktuelle aktørane her er Bjarte Hole, Nils Skylstad og Eldrid Myhre. Men desse tre har ikkje fleire turar enn at det kan kome opp nye bakfrå.



Elles viser lista at denne trimposten er mannfolka sin post. I alle fall dette året.


Turar hittil i inneverande trimsesong:


63 Frank Hole


49 Elling Hole


11 Bjarte Hole


10 Nils Terje Skylstad

  9 Eldrid Myhre