Brunstadekspressen i farta
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jul 2011
Leiter ein i resultatlista frå Jølster Maraton som vart arrangert i helga, finn ein namnet Sverre Gunnar Brunstad som vinnar av klasse 40-44 år med tida 2.55.40. Brunstadekspressen hadde med det den nest beste tida av samtlege på heilmaraton distansen (42195 meter). Berre per Olav Bøyum var raskare med 2.45.13
I klasse 40-44 år, halvmaraton for kvinner, finn vi Nam Thi Nguyen på tredjeplass med 1.54.26. Begge dei to nemnde aktørane representerer Lørenskog FIL