Skogsvegen Hjorthol – alt med det gamle
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jun 2011
Sommarvikaren har i dag sjekka stoda ved trimposten Hjorthol skogsveg.
Der var alt
som det plar vere. Ja, nesten skremande normalt. Anita Hjorthol har hatt klippekort på denne posten, og er på god veg mot ein ny triumf. Einaste seriøse utfordrar ser ut til å vere Hanne Oline Ulset, som ligg 20 turar bak. Her er stoda for dei ivrigaste pr.30 juni:
69 turar: Anita Hjorthol
49: Hanna Oline Ulset
25: Jan Lade
21: Ingrid Brudevoll
15: Elisabeth Urke
13: Svein Helge Hjorthol