Brunstadsætra – det meste avgjort….?

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jun 2011

Vi skal ikkje vere heilt bombastiske, men det kan synast som det meste er avgjort med omsyn til topplasseringa på trimposten Brunstadsætra i 2011.



Inger Anne Brunstad har alt passert hundre turar, og har nær dobbelt så mange som nummer to på lista, Arnhild Linga. Damene dominerer, berre Kjell Magnar Berli er inne på topp-6 frå det sterke kjønn. Slik såg lista ut då VIL-nett sin sommarvikar vitja posten fredag 24.juni:



105 Inger Anne Brunstad


57 Arnhild Linga


51 Torhild Skogvold


36 Kjell Magnar Berli


32 Sissel Hansen


32 Liv Skogvold



Ein tur til Brunstadsætra vert verdsett til fire trimpoeng, berre så det er nemnt