Smånytt frå sist veke

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jun 2011

VIL-nett passerte 50 000 treff i går.



Det må nesten nemnast. Nettsida passerer i dag månadsrekorden for juni, og med 11 dagar att blir det ein solid junirekord når den tida kjem.



For ei tid sidan melde vi om tap av èin grasrottippar, slik at talet gjekk ned i 74. No har vi fått ein i tilgang slik at vi igjen har 75. Så langt har det vore rekordtipping i juni – alt tyder på at juni 2011 vert beste månaden siadn ordninga kom i gang for VIL. Kanskje er det feriepengane som skal få eit løft?



Sykkylven kommune har i 2011 264 226 kroner til utdeling i aktivitetsmidlar for året 2010. Det er aktivitet i aldersgruppa 6-12 (born) og 13-19 (ungdom) som tel. I teksten står det:


-
  
 Aktive medlemar med handicap og idrettsskular skal tilgodesjåast.