Kenneth trappar ned
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jun 2011
Det er sommar, men nedtrappinga gjeld ski, om nokon var i tvil.
Komande veke pakkar Kenneth sakene sine og reiser sørover. I fyrste omgang til Kjevik. Der skal han delta på eit tre vekers kurs med opptaksprøve for befalskule.
-
Det vert tre tøffe veker. Vi skal mellom anna testast fysisk. Siste del av kurset skal vi ut i ”bushen” og bere tung pakning. Mange har søkt og det er på langt nær alle som kjem gjennom nålauget. Vert eg mellom dei heldige kan eg hamne kvar som helst, når eg seinare skal starte utdanninga. Ikkje reint få endar i Nord-Noreg. Etter fyrste året er avslutta må vi binde oss til eit pliktår, fortel Kenneth, som siste åra har prøvt seg både i NC-cup og junior-NM
-
Du kan vel seie det slik at det skimessig går mot ei nedtrapping. For den saks skuld kan eg ende opp
-
ein stad der det knapt finst snø. Men den tid den sorg. I fyrste omgang dreier det seg om å kvalifisere seg til vidare skulering.
VIL-nett ynskjer Kenneth lukke til i Kjevik !