Snart 40 dagar – ingen Konrad
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jun 2011
Døyp guten din Konrad og få 1000 kroner!
Det har gått over ein månad sidan Konradløpet, men hittil har ikkje lokkemiddelet frå Velledalen IL gitt fleire med namnet Konrad. Vi repeterer:
Dei tre fyrste busettte i Sykkylven kommune, som i perioden 1.mai 2011 til 1.mai 2012 gir gutebarnet sitt namnet Konrad, vil få 1000 kroner i gåve frå Velledalen IL
Bakgrunnen for opprettinga av gåva er at etter ti Konradløp har vi hatt ingen til start frå Sykkylven kommune med førenamnet Konrad. Det kan ikkje tolkast på anna vis enn at namnet er i ferd med å døy ut i Sykkylven.
Så vidt vi veit finst det i dag tre instansar på Sunnmøre som jobbar for namnet Konrad, nemleg:
Konrad kafè som driv matservering i Ålesund
Sunnmørsposten som dagleg har ei eiga ”Konradspalte ” på sistesida
Velledalen IL med sine tre Konradløp
Tips oss om du veit om andre!
Vårt namneforslag for juni månad er: Konrad Jerimias – det kling!