”Varden Opp” i dag

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jun 2011

Og motbakkeløpet på Sula har fleire lokale løparar på plass.



Vi veit ikkje sikkert kor mange lokale løparar. I alle fall Kjell Magnar Berli og Eivind Fet stiller, men det er grunn til å tru det er fleire. Løpet har for øvrig pengepremiar på til saman 21 000 kroner melder Sunnmørsposten. Resultat frå løpet
   vil kome på nettsida så snart vi får dei inn.



”Varden Opp” er som generalprøve å rekne til stormønstringa i Geiranger 12. juni. Samanlagt nærmar det seg her


800 påmelde på sykkel , løp og turmarsj. Størst deltaking på sykkel. Her ligg påmeldingslistene ute, slik at alle kan sjå kven som deltek. Vi kjem
   tilbake med meir frå Geiranger i dagane framover