Koldabakken Grand Prix
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Mai 2011
Per Steinar Linga, Eivind Fet og Widar Fure har vore frontmenn i tidlegare utgåver av motbakkeløpet som berre er kring 300 meter langt.
Likevel svir det i låra mot slutten. Vi kan garantere at mjølkesyra kjem i siste halvdel av løpet.
-
Eg likar slike løp, men det er likevel ikkje sikkert eg stiller i år, på grunn av jobbsituasjonen, seier fjorårsvinnar Widar Fure på telefon frå Gardermoen i dag.
Vidar jobbar nemleg der for firmaet Ove Straumsheim. Vanlegvis jobbar dei fire dagar i veka med 12-13 timars arbeidsdagar.
-
Med ei slik arbeidstid vert det lange dagar og ein vert ikkje akkurat opplagt til å trene etterpå. Forma er difor nokså sikkert svakare enn i fjor. Om eg stiller til start sundag er usikkert. Lysta er der, men eg kan ikkje garantere at eg får det til, fortel unge Fure.
Eivind Fet stiller laurdag i ”Varden Opp” på Sula, så det spørst om
det er duka for Per Steinar Linga i årets Koldabakken Grand Prix. Eller dukkar det opp nye løpsfantom …?