47.39 i motvind
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mai 2011
Bilete frå 2007
Jens Christian Hole var ”vår mann” under Fornebuløpet i dag. Han kom i mål på tida 47.39.
-Eg opna nokså roleg. I starten var det så tett med folk at det var vanskeleg å springe skikkeleg, fortel Jens Christian etter løpet på 10 kilometer.
-Korleis var forholda?
-
Det var 16-17 plussgrader. Fine forhold, men du veit korleis det er på Fornebu. Ope, slik at vinden tek godt. I deler av løypa var det kraftig motvind.
-
Gav du alt?
-
He,he. Eg kunne sprunge raskare i starten. På slutten var det skikkeleg råkøyr. Sjekka pulsklokka og den viste 196 på det meste
-
Då var det vel like før du dåna?
-
Det var berre heilt på slutten den var så høg. Mesteparten av tida låg den på 175-180
-
Deltok fleire med aner frå Velledalen?
-
Trur ikkje det, men mange av løparane såg eg berre bakfrå så det er vanskeleg å ha full oversikt.
-
Gav løpet meirsmak?
-
Absolutt.
-
Skal du delta i fleire løp?
-
Ja.