Elling Ivar 70 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Mai 2011
Finst det likskapstrekk mellom Mons-Konrad og Hol-Elling…?
Svaret er JA.
Det vert sagt om Mons-Konrad at han byrja trena etter å ha observert fenomenet ”jogging” i USA
- i ein alder av kring 70 år. Mons-Konrad var mest fysisk aktiv siste 15 åra av livet sitt (han vart ca 90), og var på sitt beste dei fyrste åra etter han passerte 80.
Likskapen mellom Hol-Elling og Mons-Konrad er klar.
Begge byrja rimeleg seint, og til disse (som Konrad ville sagt), har også Elling vorte sprekare i takt med stigande alder Men det er eit faktum at Elling ligg litt tidlegare i løypa enn Konrad gjorde. På noverande tidspunkt vert det feil å spekulere i om Elling kan nå karrieretoppen som 82-åring, slik Konrad gjorde.
Sikkert er det i alle fall at Elling Ivar Hole i dag er 70 år. Idrettskarriere hans starta som servicemann for sonen Roger Malvin. Han utgjorde eit frykta trekløver i ski- og terrengløyper saman med Gyls-Svein og Bendik-Odd. Alle med kvar sin kombinert smørjar/servicemann, som henta nye impulsar mellom anna frå Kaspar Fet, eller der dei måtte vere å oppdrive (eksempelvis Emblem). Denne opptakta til idrettslivet fekk Elling på slutten av 1970-talet.
Dette inspirerte han tilsynelatande. I alle fall gav han seg sjølv nokre år seinare i kast med idrettsmerkeprøver. Harde øvingar, der øvingsutvalet den gongen var langt mindre enn i dag. Såleis var det vansklegare å greie krava. Og han kom med i styre og stell i idrettslaget. Elling var ein av pionerane då VIL starta det som vart heitande trimgruppe, om lag i 1980. Han kom òg med i hovudstyret der han hadde fleire verv. Mellom anna var han ein dyktig sekretær (skrivar) tidleg på 1980-talet.
Truleg kom Elling med i denne rørsla grunna sonen Roger Malvin sitt engasjement i saka. Då han flytta til meir urbane strok såg Elling sitt snitt til å leggje seg på sofaen. Han tok beint fram nokre kvileår. Og det vart nokre laaaange år der korkje han sjølv – eller vi - heilt visste kva grein han satsa på.
Åra gjekk og det kom barnebarn. Desse voks til, og brått vart det registrert at Ellingen vart meir fysisk aktiv på fritida. Han vart oftare og oftare observert på skiturar og fjellturar til fots. Namnetrekket hans vart etterkvart nesten dagleg å finne i enkelte av trimgruppa sine bøker, og i 2010 var han største poengsankaren både på Myrdalsfjellet og posten ved Sætreelva i Holemarka.
Elling nytta siste delen av 60-åra til ei fysisk rehabilitering. Vurdert ut frå alder er han sprekare enn nokon gong tidlegare i livet.
Sist veke gjorde han unna sin siste arbeidsdag hjå Møre Trafo. Dei komande dagane og åra er han fullstendig sin eigen herre. Dei kan nytast med godt samvit, og vi fryktar ikkje lenger sofaen.
GRATULERER MED DAGEN, DU RÅSPREKE 70-ÅRING!!
Atle Hole