Alf Petter og Tomasz på bytur

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Mai 2011

Og det gjekk svært så bra for begge sitt vedkomande.



Alf Petter Bøe er ein røynd løpar, noko han viste enno ein gong under Ålesund Maraton som vart arrangert laurdag 14.mai. I alt deltok knappe 90 personar anten i heil mataton (42 195 meter) eller i halv. Alf Petter nøgde seg med den halve, og kom inn til den sterke tida 1.18.57 Det heldt til andreplass i klasse 40-44 år, og fjerde beste tid totalt mellom alle som sprang same distanse. Svært solid av Alf Petter som representerer velrenomerte IK RindalsTroll.



Pe-Tomasz, eller rettare sagt Tomasz Rzadkiewicz, er ein smule yngre enn Alf Petter. Han deltok i klasse 35-39 år, der han tok ein flott 3.plass med tida 1.56.30. Flott trening til Geiranger halvmaraton for Tomasz, som er polakk, og som vi håper skal representere Velledalen IL på litt sikt.