Mest pengar til idretten
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mai 2011
Grasrotandelen gir framleis mest pengar til idretten, men dei tyngste gamblarane finn ein innan hest og helse.
Her er tala for lag og organisasjonar som får dei største utbetalingane på bakgrunn av tippinga i månadane januar, februar, mars og april. Ikkje uventa toppar det største idrettslaget i bygda denne lista. Talet i parantes er antal spelarar pr. 30.april 2011.
29666,- Sykkylven IL (244)
21018,- FK Sykkylven (147)
16261,- Sykkylven Røde Kors (112)
11842,- Sykkylven Rideklubb (35)
10943,- Sykkylven Motocrossklubb (91)
8462,- Ikornnes Juniorkorps (42)
7274,- Velledalen IL (75)
6244,- Ikornnes IL (97)
5950,- Hundeidvik IL (75)
4833,- Aure Skulekorps (56)
4759,- Sykkylven Skyttarlag (53)
3543,- VRF (40)
2627,- Hundeidvik Blandakor (30)
2460,- Straumshorn Juniorkoprs (38)
2310,- Sykkylven Janitsjarorkester (24)
2251,- Sykkylven Helselag (14)
Men dei største gamlarane finn ein kanskje ikkje der ein hadde venta å finne dei. Eksempelvis kan det for mange synest underleg at gjennomsnittstipparaen til Sykkylven Helselag og Sykkylven Røde Kors tippar meir enn gjennomsnittstipparen til FK Sykkylven. Men slik er det, skal ein tru Norsk Tipping sine tal. Rideklubben sin snitt-tippar har generert 338 kroner i klubbkassa siste fire mnd. Når vi veit at dette berre er fem prosent av tippeinnsatsen, betyr det at snitt-tipparen til Sykkylven Rideklubb hittil har satsa 6760 kroner. Held desse spelarane trenden året ut, finn ein årssatsinga ved å multiplisere med 3, som gir ein innsats i overkant av 20 000 kroner. Rideklubben sine grasrotspelarar tippar i særklasse mest i Sykkylven. Og hugs, når vi skriv om ei årssatsing på 20 000 så er dette er gjennomsnittet. Dei kvassaste ligg naturleg nok
laaaangt høgare.!!
Høgast snittinnsats pr. grasrotspelar kan rangerast slik:
Sykkylven Rideklubb 11842 kroner på 35 spelarar
Ikornnes Juniorkorps 8462 kroner på 42 spelarar
Sykkylven Helselag 2251 kroner på 14 spelarar
Sykkylven Røde Kors 16261 kroner på 112 spelarar
FK Sykkylven 21018 kroner på 147 spelarar