7274 grasrotkroner i fyrste periode 2011
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2011
Kasserar Asgeir vil om kort tid få 7274 kroner inn på VIL sin konto. Dette er grasrotkroner for månadane januar,februar, mars og april.
Dette representerer ein nedgang frå siste periode i 2010 som gav 7784 kroner. Svikten kom hovudsakleg i april, truleg på grunn av mindre aktivitet i samband med påske. Tendensen er den same for dei andre lokale laga. April 2011 gav VIL 1573 kroner, som er den lavaste månadsnoteringa siste året.
Elles er det stabilt med omsyn til spelarar i dei ulike laga. Her er stoda for siste periode
Velledalen IL 75 (+2)
VRF 40 (0)
Straumshorn Juniorkorps 38 (+2)
Velledalen skulekorps 18 (0)
Velledalskoret 10 (0)
To lag med svak framgang, tre på staden kvil, ingen med tilbakegang. Stort meir stabilt kan det vanskeleg bli
Velledalen IL takkar spelarane sine for støtta. Sidan ordninga kom i stand i starten av 2009 har den ført over 46 000 kroner inn i VIL-kassa