Velledalen skule størst deltaking i Minikonrad
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2011
Sigrid Ulset Lade og Simon Skylstad Hole frå Velledalen skule
Inga bombe at Velledalen skule vann denne skulepremien, trass alt ligg løypa rett utanfor stovedøra til elevane.
Resultata er ikkje imponerande. I strålande vêr burde meir enn 86 løparar funne vegen til Brunstad denne kvelden
Men overraskande var det ikkje. Kroppsøvingslærar Stein Ohr frå Frei (Nordmøre) har gjort skremande testresultat med sine elevar, gjennom jamnlege testar tilbake frå 1982. Gjennom faste - og eit breitt utval - øvingar har alle 13-åringar blitt testa årleg. Mellom anna gjennom ei fast løype på vel 3 kilometer i kupert terreng. Og her er tilbakegangen enorm. På drygt 30 år er løpstida blitt 1.23 minutt dårlegare mellom jentene og skremande 3.14 minutt mellom gutane.
Undersøkinga har kort sagt vist at dagens ungdomsskuleelevar er treigare, stivare, tyngre og orkar mindre enn foreldra sine.
Dette burde vere eit klart varsko. Eit rop til både skular, foreldre, slekt elles og idrettslag. Eit rop om å stimulerer til fysisk aktivitet. Velledalen IL prøvde gjennom skulane å nå ut til målgruppa (0-16 år) for Minikonrad 2011. Resultatet var ikkje oppløftande for mange av skulane sin del. Her er dei turre tala:
25 elevar frå Velledalen skule
11 frå Vik
11 frå Ullavik
8 frå Tandstad
4 frå Jarnes
4 frå
Ungdomsskulen
3 frå Aure skule
2 frå Hundeidvik skule
4 frå andre
18 under barne
skulealder
Med desse tala vart Velledalen skule soleklar vinnar av premien som går på deltaking i prosent av det totale elevtalet.
NB! I tala ovanfor er medrekna fire elevar som deltok i ”Påskekonrad”. Av desse fire kom to frå Tandstad og to frå ”Andre skular”. Difor er totaltalet 90, og ikkje 86 som står på listene frå Minikonrad 30.april 2011.