Velkomen til Konradløpa 2011
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Apr 2011
I går kom premiane, dermed burde alt vere på plass til ei stor mosjonshelg
For hovudløpet sin del er det jubileum, 10.gong. Fyrste gong i 2002 hadde vi 195 påmelde då startskotet small. Dette talet er passert laurdag morgon, så venteleg vil kring 300 melde seg på til hovudløpet. Som vanleg er alle aldersgrupper representert. Førebels har vi fem personar over 80 år som vi veit om – det kan vere fleire. Dette er heilt i samsvar med ånda til Konrad Brunstad, som løpet er til minne om. Hans tankar og filosofi kan bli friska opp under Konradfilmen, laga av Odd Kvammen, som vert vist i Velledalen grendahus etter frukosten.
Mange har delteke trufast kvart einaste år. Desse må hugse å få med seg ti års premien før dei går heim. Det same må dei som skal ha medalje for deltaking tre eller seks år, og alle debutantar som skal ha Konradløpet sin flotte og spesielle diplom. Elles vert det trekt ut ei rad gåvepremiar på startnummer.
Når det gjeld påmelding kan ein melde seg på fram til klokka 1400 i dag til:
www.velledalen.net
Etter det kan ein møte opp på stemnekontoret på Brunstad, ope i kveld 1800-2100, eller i tidsrommet 0415-0500 løpsdagen. Eller ein kan melde seg på ved å ringe 917 43 761 (Atle Hole) eller 478 62 412 (Hilde R. Tandstad). Det er muleg å melde seg på heilt fram til start.
Minikonrad vert arrangert i kveld. Løypa er 1050 meter, kring halvparten på grusveg, resten etter asfalt. Det er påmelding i timen før start (1730-1830). Løpet vert avvikla med to heat. Fyrst dei yngste utan tidtaking. Mellom dei som spring på tid vert det kjempa om ein skulepremie for 5.-7. klasse. I tilleg er det ein skulepremie som går på deltaking, som gjeld for alle i skulealder. Startkontingent i Minikonrad er kr 60,- alle vert premiert
Nytt av året er at premieutdelinga blir i Velledalen grendahus. Tommy Lianes, 18-åringen som i vinter hoppa 217 meter på ski, vert premieutdelar
Velkomen til Velledalen – velkomen til Konradløp!
Atle Hole